Informasjon om regler for fritids-fiske.

Informasjon om regler for fritidsfiske

HERVK CAMPING / BINDESTREKEN

Ber alle om å overholde regler for fritids fiske, Ref regler fra Fiskeridepartemanget.

Merking av reiskap

Reiskap skal vere tydeleg merka med namn og adresse.

Teiner

Det er påbode å bruke nedbrytbar bomullstråd i alle teiner. Tråden skal virke slik at dersom du mister teina vil bomullstråden løyse seg opp etter ei viss tid, noko som gir fridomen tilbake for innestengte individ. Teiner som er sett ut for fangst av krabbe, skal ha minst to sirkelforma fluktopningar – ei på kvar side av reiskapen/kammeret. Opningane må vere minst 80 millimeter og plasserte nede ved botnen slik at hummar og småkrabbe lett kan ta seg ut.

Hummaren er freda store delar av året. Hummarfiskesesongen startar 1. oktober klokka 08:00.Hummar med utvendig rogn er freda heile året. Hummar som er mindre enn 25 centimeter lang må du setje ut att i sjøen. I teiner som er sett ut for fangst av hummar, skal det vere minst to sirkelforma fluktopningar – éi på kvar side av reiskapen. Opningane må vere minst 60 millimeter og plasserte nede ved botnen slik at hummar under minstemål lett kan ta seg ut. Hummer kan kun fiskes med hummerteiner i okt/nov, hummer som fanges i ruser, garn, og krabbeteiner, skal settes fri.

Garn

Garn med maskevidde større enn 32 millimeter skal frå og med 1. mars til og med 30. september senkast, slik at fangstdelen står 3 meter under havoverflata. 

Maskestørrelsen på garn er lik to gongar stolpelengda. Stolpelengda er avstanden mellom midten av to påfølgande knutar når tråden er strekt mellom desse midtpunkta.

Ruser

  1. mai – 30. september: Forbode å fiske med ruse.